det herlege frilansliv, stimulerande i høve "self care" ...

 no er det over eitt år sidan eg prøvde å publisere eit innlegg på denne bloggen for fyrste gong. Men så langt kom eg med det innlegget:



dette var den 8. august 2023, og når eg tenkjer meg om, kanskje same dag som eg måtte evakuere på grunn av flaum ... ??? eller om det var nokre dagar etterpå? hugsar ikkje! her hadde eg iallfall hatt ein real fest med folk frå fjern og nær.

ting er veldig annleis no enn dei var den 8. august 2023. mellom anna er eg FERDIG MED BACHELOR og eg lever det glade frilans-liv 😁 som eg ikkje hadde trudd eg skulle like, men som eg faktisk likar svært godt !!!! vi får sjå kor det går i lengda, da....

kva fyller eg dagane med? jo dette er ein typisk dag for meg:

1. setje på alarm 09:15, men klarer ikkje å STÅ OPP før kanskje 10:30...
2. stå opp, eta tørka mango og drikke ein kopp kaffi
3. jogge i kanskje 30 minutt anten langs eit elveområde i bygda her eller bak det store fjellet ...
4. kome heim, ta ein dusj
5. gjere arbeid dersom eg har arbeid å gjere den dagen
6. ete middag og yappe med mor og far
7. sjå film, lese, henge med besteforeldre, prate i telefonen, teikne, syngje, gå tur ... kanskje jobbe litt vidare om eg ikkje er ferdig med det eg skal ... slike ting
8. leggje meg rundt midnattsleite :)

altså har eg plutseleg eit svært lite sosialt liv , noko som plutseleg gjev meg enormt med tid til å fokusere på slike ting eg alltid har sagt eg vil bli betre på. ah livet gjev og livet tek. her er likevel ein ting eg IKKJE gjer: rydde rommet. det har eg ikkje gjort enno.

kva elles?? eg skal altså lage ein dokumentarfilm i haust, og eg lurar på om eg har teke meg vatn over hovudet, tru det eller ei, med dette frilanslivet. Plutseleg har eg faktisk ganske mykje eg må gjere. så lengje det ikkje går utover mi PERSONLEGE UTVIKLING så skal det nok gå heilt fint.

i tillegg høyrer eg VELDIG MYKJE på musikk, spesielt clairo og chappell roan no om dagen ... og så går det ein del i såkalla "doomscrolling" på tiktok.

Dette er forresten det eg jobbar med: sosiale medium-ansvarleg ved det lokale bakeriet. frilansar for ikkje berre ei, men TO lokalaviser!!!! frilansar for ein høgskule i Stor-Oslo... Øøøh... ja.... du veit...

og så skal eg og syster mi snart til hellas. blir vel kjekt det eller ?!?!?! og akkurat no ser eg faktisk på lady bird... Såg little women i går.. vêret er grått i dag, men det regnar ikkje. 


OKIIII!!! Snakes!

Kommentarer