Innlegg

Viser innlegg fra september, 2024

fått meg kontor !!

 hei og hå!! det haldt på å bli ei skikkeleg reprise av fjorårets flaumtragedie denne veka, men vi vart heldigvis ikkje råka likevel. HELDIGVIS !!!! men eg vart ganske nervøs. dette har skjedd: eg har vore i volda på dokumentarsamling, no skal eg lage dokumentarfilm, det blir vel flott.. eg har fått frilansoppdrag i enda ei lokalavis! eg driv og skriv sak akkurat no for ei av dei.. EG HAR FÅTT KONTOR!! eg har jobba litt for "verdens gang" dette kontoret ligg i sentrum, eg har nettopp innreia det. det er kjempenice men eg klarer diverre ikkje å jobbe så særleg mykje betre enn det eg ville gjort heime. Dette har noko å gjere med at eg arbeider ganske dårleg begge plassane :P neste veke skal eg til thessaloniki og athen, men før det skal eg sjå jesus christ superstar på folketeateret <3 alrighty!! snakes on an airplane!

det herlege frilansliv, stimulerande i høve "self care" ...

Bilde
 no er det over eitt år sidan eg prøvde å publisere eit innlegg på denne bloggen for fyrste gong. Men så langt kom eg med det innlegget: dette var den 8. august 2023, og når eg tenkjer meg om, kanskje same dag som eg måtte evakuere på grunn av flaum ... ??? eller om det var nokre dagar etterpå? hugsar ikkje! her hadde eg iallfall hatt ein real fest med folk frå fjern og nær. ting er veldig annleis no enn dei var den 8. august 2023. mellom anna er eg FERDIG MED BACHELOR og eg lever det glade frilans-liv 😁 som eg ikkje hadde trudd eg skulle like, men som eg faktisk likar svært godt !!!! vi får sjå kor det går i lengda, da.... kva fyller eg dagane med? jo dette er ein typisk dag for meg: 1. setje på alarm 09:15, men klarer ikkje å STÅ OPP før kanskje 10:30... 2. stå opp, eta tørka mango og drikke ein kopp kaffi 3. jogge i kanskje 30 minutt anten langs eit elveområde i bygda her eller bak det store fjellet ... 4. kome heim, ta ein dusj 5. gjere arbeid dersom eg har arbeid å gjere den ...